Medlem innlogging



 

KVA GJER VI PÅ ØVINGANE ?


Vossagospel øver annakvar veke i partalsvekene i Frelsesarmeen sine lokale i Lekvemoen 11. 


KVEN ER ME ?

Vossagospel er eit kristent gospelkor som høyrer til i Frelsesarmeen på Voss.
Koret vart starta som eit prosjektkor i november 2006, og vart stifta i januar 2007.
I dag tel koret 65 medlemmar mellom 20 og 60 år.

Me ynskjer å kommunisera den kristne bodskapen til eit breitt publikum og på stader der det kanskje ikkje er så vanleg med musikk av denne sorten.
Difor er Vossagospel er eit kor som stadig utvikler seg, med nye prosjekt og nytt repertoar.

Dette er nokre av prosjekta med har skipa til eller delteke på sidan oppstarten i 2007:

* Konsert med Thorild Sivertsen i grottene i Gudvangen
* Delteke3.gonger på Frelsesarmeen sin jolekonsert i Grieghallen.
* CD-prosjektet "Not Alone" som vart ferdig i oktober 2009, med innspeling i Air Studios ( London ) og Crystal Air Studios ( Voss )
* Jolekonsertar på Smalahovetunet, Voss
* Konsert med Voss Storband i Fraktgodsen, Voss
* Jazzmesse i Vangen
* Friluftskonsertar ved "mor si grav" ( Oppheim ) og i Otta
* Konsert med Wenche Knutsson
* konsert med Twang Gang
* Turnear og kyrkjekonsertar
m.m.
 

KVEN ER DETTE FOR ?

For deg som er vaksen, minimum 20 år, og er glad i å syngje.
Vi stiller ikkje krav til notelesing eller songferdigheiter, men ynskjer at medlemmene skal vere motiverte for å utvikle seg musikalsk og bidra til fellesskapet.
Vi har som mål å ha eit godt og trygt miljø, der alle skal kunne kjenne seg velkomne.

Vi vil gjerne vere ein oase eller eit "pustehol" i ein travel kvardag der mange har
mykje å gjere og mykje å tenkje på. Med vekt på god musikk og godt andeleg og
sosialt fellesskap, ønskjer vi å vere eit positivt tilskot til Vossabygda.


KVA SYNG VI ?

Namnet vårt seier vel det meste: Gospelmusikk som den er i dag spenner over fleire sjangrar og me satsar på eit breitt repertoar,
med alt frå salmar, country, pop/rock og funk på programmet. Gospel tyder "god bodskap," noko songvalet også er prega av.
Vi ynskjer å syngje songar som feirar livet og som fortel om ein god og nådefull Gud. Ein bodskap om fred og framtid.